Valnemndas behovsanalyse for styreperioden frå april 2021

I samsvar med instruksen for valnemnda har nemnda utferda dette dokumentet som grunnlag for arbeidet fram mot landsmøtet i april 2021. Ved sida av valnemndas eigne inntrykk og erfaringar byggjer behovsanalysen blant anna på innspel innhenta frå medlemmane i det sitjande styret.
Publisert: 11. Jan 2021, kl. 16:58 | Sist oppdatert: 12. Jan 2021, kl. 14:40

Amnesty International og Amnesty International Norge

Amnesty International er den største menneskerettsorganisasjonen i verda, med omlag 8 millionar støttespelarar, medlemmar og aktivistar i 150 land. Den norske seksjonen har om lag 100 000 medlemmar og støttespelarar. Av desse er om lag 60 000 medlemmar med fulle demokratiske rettar i organisasjonen. Vidare har den norske seksjonen om lag 70 fast tilsette, fordelt på eit hovudkontor og fem regionkontor. I 2019 hadde den norske seksjonen inntekter på 151 millionar kroner. Amnesty tek av prinsipielle årsaker ikkje imot statsstøtte.

Oppgåver for styret i Amnesty International Norge

Styret er det øvste organet i Amnesty International Norge mellom landsmøta, og har dermed det overordna ansvaret for all aktivitet i den norske seksjonen. Dette inneber at styret må ha kompetanse til å handtere spørsmål knytt til menneskerettspolitikk og -strategi, organisasjon og økonomi. Styret må ha kompetanse og kapasitet til sjølv å fastsetje planar, strategiar, budsjett med meir, og til å føre tilsyn med korleis slike vedtak vert følgde opp i sekretariatet og andre delar av rørsla. Styret må vidare ha god kjennskap til det frivillige arbeidet i seksjonen, og vere i stand til å kommunisere godt med medlemmane. Styret må også ha kompetanse til å forvalte arbeidsgjevaransvaret for generalsekretæren og det overordna ansvaret for arbeidstilhøva for dei andre tilsette i den norske seksjonen. Det er også ein fordel om styremedlemmar har nettverk og kontaktar som kan bidra til å styrke Amnesty si emne til å påverke politiske og andre prosessar i Noreg.

Det norske styret representerer den norske seksjonen i ei rekkje organ og prosessar i den globale delen av Amnesty-rørsla. Mellom anna peikar styret ut dei norske representantane til det øvste internasjonale organet i Amnesty International; Global Forum. Styret deltek også i handsaminga av ei rekkje globale prosessar knytt til spørsmål om menneskerettar, organisasjon og økonomi. Styret må ha fagleg kompetanse, språkkunnskap og kapasitet til å delta i desse prosessane.

Valkomiteen sine prioriteringar for komande styreperiode

Amnesty International implementerer ein global “Governance Reform”-prosess, som vart vedteke i 2017. Det er viktig at styret i den norske seksjonen samla sett har den forståinga og erfaringa som er naudsynt for å bidra i prosessen og ivareta Amnesty International Norge sine interesser. Styret bør dermed ha god internasjonal erfaring frå Amnesty sin organisasjon, andre frivillige organisasjonar og næringslivet.

Amnesty International Norge vert no styrt på grunnlag av strategisk plan 2017-2019 og eit utkast til ny strategi. Årsaken er korona-krisa, som gjorde at ny strategisk plan ikkje kunne handsamast i 2020. Landsmøtet 2021 skal vedta ny strategisk plan. Styret må ha kompetanse til å utforme forslag til og implementere ny strategisk plan og andre strategiske initiativ.

Økonomistyring og å skaffe inntekter er alltid ei av dei viktigaste oppgåvene for eit styre. Her ligg det òg eit stort og formelt ansvar. Styret må ha tilstrekkeleg kompetanse på dette området.

Det er ønskeleg at styret speglar mangfaldet i det norske samfunnet, mellom anna med omsyn til kjønn, alder, geografi, etnisitet og religion.

I komande styreperiode er det å vente at politiske prosessar i Noreg og internasjonalt kan utfordre menneskerettane. Styret må ha kunne vere i stand til å plassere organisasjonen i dette landskapet.

Ei av Amnesty sine sterke sider er styrken som ligg i aktivistleddet i ulike delar av befolkninga over heile landet. Styret bør ha ei samansetning som gjer at ein ser dette potensialet og har nettverk og praktisk erfaring til å skape og ivareta engasjementet.