På nett med brevaktivisme

Publisert: 3. Aug 2012, kl. 14:52 | Sist oppdatert: 3. Aug 2012, kl. 14:52

Har du sendt postkort i sommar? Kanskje kan du sende eit kort som varmar til ein samvittighetsfange i fengsel?

For meg som er ung og moderne 90-talsungdom, er det ikkje vanleg å sende brev og postkort, eg kan til nauds sende eit postkort til bestemor, men eg er usikker på om eg hadde klart det utan hjelp.

Greia er vel at eg ikkje føler at det er naudsynt å labbe ned til butikken for å kjøpe frimerke, når eg heller kan bruke tre minutt på å sende ein e-post. Eg veit faktisk ikkje korleis eg hadde reagert om eg fekk eit handskrive brev i postkassa, sannsynlegvis hadde eg trudd det var ein dårleg spøk og konferert med katta om korleis eg skulle klare å opne brevet – eg er jo trass alt vant til å få alt frå reklame til sesjonspapira mine i Digipost-postkassa mi.

Månadsbreva – grunnsteinen til Amnesty

Men dette gjeld slettes ikkje alle, og difor har eg vralta bortover gangen og drukke kaffi (eg er altfor ung til dette) med ein av dei eldste aktivistane våre, Jon Trana. Han fortel meg om korleis folk heilt fram til år 2000 sendte brev til fangar på Death Row i USA kvar månad.

81-år gamle Jon fortel òg om "månadsbreva" som i mange år var einsbetydande Amnesty. Månadsbreva gjekk ut på at sekretariatet i Noreg fekk tilsendt saker frå hovudkontoret i London, omsette desse, og sendte dei til medlemmene i Noreg (på denne tida berre rundt 150 stykker!). Medlemmene skreiv så brev til dei som trong ei lita påminning om at dei ikkje berre kunne gjere som dei ville, anten dei var konge i Saudi-Arabia og hadde dømt ein uskyldig mann til døden, eller var presidenten i Kina og hadde fengsla politiske motstandarar.

Jon fortel vidare at breva gav resultat i éin av tre saker! Det kunne vere eit heilt fengsel med uskyldige som vart sleppt fri, eller ein øksemordar i USA som fekk omgjort dødsstraffa si til fengselsstraff.

Brev funkar framleis

Breva gir resultat, og dei gjer verda til ein litt betre stad. No seinast spesielt for Jabbar Savalan, som dagen etter at han hadde oppfordra folk til å kome på ein demonstrasjon mot den aserbajdsjanske regjeringa på Facebook-sida si, vart vitja av eit par politimenn. Nokre timar seinare "fann" dei narkotika i jakkelomma hans. Det fekk han to og eit halvt år i fengsel for.

Metoden med å plante narkotika på aktivistar for så å fengsle dei, er velkjent for Amnesty. Men Amnesty-aktivistar over heile verda stod opp mot den urettferdige fengslinga av Jabbar, og det strøymde inn med hundrevis av brev til styresmaktene, postkort til familien og underskrifter som støtta Jabbar, og det gav resultat, for han vart til slutt benåda av presidenten.

Enno bruker Amnesty brev som verkemiddel, spesielt dødsstraffnettverket vårt som oppfordrar medlemmene sine til å sende appellar i brevform. Eller "med sneglepost", som Jon så lurt kallar det. Mange stader i verda er ikkje internett en daglegdags ting å ha. For dei aller fleste menneske på denne jorda er det brev og postkort som fortsatt gjeld!

Lyst til å bli medlem av dødsstraffnettverket til Amnesty? Send ein e-post til  [email protected].

Omsut i brevform

Jon, som er dei gode, spreke 80-åra, fortel meg òg om det tidlegare brevvenn-programmet vårt. Det gjekk ut på at menneske i alle fasongar, kjønn og aldrar kontakta Amnesty og fortalde at dei ynskte seg ein brevvenn. Og så gav vi dei det.

Eg stussa litt på at over 80 % av dei som ville bli brevvenner, var unge kvinner, men dei liker vel sånt. Og for ein mann som snart skal henrettast, vil eg tru at litt kvinneleg omsut (eller berre omsut i det heile, men det er kanskje litt ekstra godt med kvinneleg) betyr utruleg mykje, og det er sikkert kjempegodt for personen som tek kontakt, å kunne vere til hjelp.

Lyst til å sende god, gamaldags post? Send oss ditt hjarte så sender vi det vidare. Se berre kor godt det gjer!

Eit brev betyr mykje meir for folk enn ein e-post – det er mykje meir personlig, og det er  vanskelegare å kaste eit brev enn å slette ein e-post. Sjølv dei menneska du ikkje kan sende ein e-post til, treng merksemd og omsut, og då kan kanskje eit ordentleg brev gjere veldig godt? Som eit lite teikn på at det faktisk er folk som bryr seg?

Les: Jeg heter Birtukan Mideksa og dine brev ga meg friheten.

Aldri undervurder eit brev eller eit postkort, det kan utrette så utruleg mykje meir enn du trur.

Jørgen Nyberget (17) fra Oslo engasjerer seg i Amnesty for å gjøre det han kan, om det er stort eller lite, for å prøve å gjøre verden til et bedre sted for alle.