Nyttårsbrev frå styreleiar

Kjære Amnesty-medlemar. I starten på det nye året vil eg takke alle som bidrog til Amnesty i Norge i fjor, med håp om at innsatsen held fram for fullt i det nye året.
Publisert: 3. Jan 2019, kl. 14:37 | Sist oppdatert: 27. aug 2020, kl. 12:08

For det trengst; menneskerettane er under press, også i land nær oss. 70 år etter at vi fekk den universelle menneskerettserklæringa er det viktigare enn nokon gong å verne om legitimiteten til erklæringa, verne om menneskerettsforkjemparane og stå opp for alle som får menneskerettane brotne.

Nytt styre valgt under landsmøte 2018
Nytt styre valgt under landsmøte 2018.

Og det er også slik at Amnesty lukkast ofte når vi er mange nok som går saman om å nå eit mål.

Vi er kanskje ikkje så flinke til å fortelje om alle suksess-historiene, men berre for å ta eit lite knippe frå fjoråret:

Teodora Vasques, dømd til 30 års fengsel etter ein dødfødsel i El Salvador, sett fri etter nesten 10 år i fengsel etter stor mobilisering med Amnesty i Norge i spiss.

Barents Pride i Kirkenes, verdas nordlegaste pride og eit grensesprengande arrangement med 80 pride-deltakarar frå Murmansk og andre stader i Russland.

Nei er Nei: samarbeidet med russen i kampen mot valdtekt, der det i fjor vart laga seks kortfilmar om sexvett, filmar som vart sett av rundt 800.000 på nettet.

Skriv for liv: I fjor vart det sendt heile 135.000 appellbrev frå Norge til myndigheiter i land som Egypt, Honduras, Jamaica, Kina og Tyrkia. I tillegg vart det sendt 3.600 solidaritetsbrev til ofre for menneskerettsbrot og deira familier.

Og i tillegg: aksjonane for å identifisere og sette fri mindreårige dødsdømde i Iran, kampen mot netthets og arbeidet for å sikre at oljefondets investeringar i Saudi-Arabia etterlever dei etiske retningslinene – alle saker der Amnesty har sett dagsorden.

Styret er opptatt av at Amnesty International i Norge skal vere ein slagkraftig organisasjon av engasjerte menneske, at vi skal vere godt synlege i heile landet og at alle medlemane skal kunne engasjere seg på det nivået den enkelte ønsker.

Og det er rett og slett imponerande at det i fjor var i snitt to Amnesty-arrangement kvar einaste dag!

Vi har no 72 aktive grupper, vi har hatt stor aktivitet i mange av landets ungdoms- og studentgrupper, og det er etablert eit eige ungdomsråd i tillegg til det eksisterande studentrådet.

Økonomisk har vi også hatt ei god utvikling, med stor årleg auke i inntektene. Dette var også årsaka til at landsmøtet 9. – 11. november i Stavanger vedtok ei ambisiøs ramme for inntektene i 2019 på 122,5 millionar kroner, 13 millionar meir enn målet for 2018.

Men styret gjekk endå lenger på sitt møte i desember og vedtok eit budsjett for 2019 med eit inntektsmål på heile 127,7 millionar kroner. Grunnen til den siste auken er at styret har lagt inn høgare inntekter etter at prisen er auka til 15 kroner pr. SMS i SMS-aksjonar.

I tillegg er medlemsutviklinga bra. Gjennom ei god avslutning på året fekk vi ein auke i talet på medlemar i høve til året før. Ekstra gledeleg er det at kvar ny medlem vert verva inn på eit høgare snitt for innbetaling enn før, i tillegg til at eksisterande medlemar også gir meir.

Ved utgangen av året var vi 56.800 medlemar, i tillegg til at vi hadde 52.900 SMS-aktivistar.

På desember-møtet vedtok styret også ein omfattande og ambisiøs handlingsplan som kan oppsummerast i dei tre S-ane ‘Synlegare, Større og Sterkare’.

Fleire kampanjar vert vidareførde, deriblant netthetskampanjen, arbeidet mot valdtekt og mot diskriminering av LHBTI-personar. Vi held fram med full styrke for ‘Skriv for liv’, og satsar også sterkare for å få på plass ei ny aktsemdslov for næringslivet.

Det skal også satsast endå meir på medlemar, både grupper og dei som vel å engasjere seg på andre måtar. Ungdomssatsinga held også fram med full styrke.

På Landsmøtet vart det gjort fleire viktige vedtak, som at vi no går over frå å ha landsmøte annakvart år til landsmøte kvart år. Vi er også samde om å ha landsmøta på våren, slik at neste landsmøte etter den nye modellen vert våren 2020.

Landsmøtet vedtok også at landsmøta kan rullere mellom å haldast i ‘hensiktsmessig beliggenhet til Gardermoen’ og i regionane.

På Landsmøtet vart Kjetil Haanes attvalt som styreleiar, og Thea Schjødt som nestleiar. Nye i styret er Siri Gloppen, Tor Kåpvik og Selma Ahmetagic, i tillegg til Anne Marie Mollén som tilsetterepresentant.

Det vart attval på Kjell Johnsen, Tonje Hellevig og Tor-Hugne Olsen, medan varaer er Thomas Øvestad, Eva Hildrum, Viktor Johannes Matre og Grethe Kristine Olsen.

Styret har valt to faste utval, med denne samansetjinga:

Finansutval: Kjell Johnsen, Tonje Hellevig og Kjetil Haanes
Internasjonalt utval: Thea Schjødt, Siri Gloppen, Tor-Hugne Olsen og Selma Ahmetagic

I tillegg skal vi ha ei arbeidsgruppe organisasjon, der Tor Kåpvik, Anne Marie Mollén og Thomas Øvestad vert medlemar.

Vi held som før fram med satsinga på regionmøte der alle medlemar er hjarteleg velkomne. Styremedlemar vil vere til stades på alle møta. Vi håper mange har sjanse til å møte på desse møta, som skal arrangerast slik:

2. februar: Oslo
9. februar: Trondheim, Bergen og Kristiansand
16. februar: Tromsø
9. mars: Stavanger
16. mars: Ålesund

28. april skal det haldast gruppeleiarsamling i Oslo, og dagen før (27. april) kjem vi til å arrangere ei eiga samling for å gå gjennom og diskutere saker som skal behandlast på Global Assembly 2. – 4. august, som er det internasjonale rådsmøtet for Amnesty International. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette møtet.

Vi håper at mange har sett seg inn i den nye nettsida. Men det er ikkje berre nettet som kjem i forbetra utgåve. Til våren er dei nyoppussa lokala til sekretariatet i Grensen 3 også ferdige. Staben vil også framover verte leia av John Peder Egenæs, som har fått tilbod om og takka ja til eit nytt åremål.

Under landsmøtet i Stavanger hadde vi mange spennande internasjonale gjester, inkludert tidlegare generalsekretær Thomas Hammarberg, som var han som i 1977 mottok Nobels fredspris på vegne av organisasjonen.

Hammarberg oppsummerte situasjonen for Amnesty i dag på denne måten:

«Vi behøvs. Helt enkelt.»

Godt nytt Amnesty-år!