Nytt fra styret

Regionmøter, policy-prosesser og internasjonalt møte. Les meir om kva som har skjedd den siste tiden i nyhetsbrevet frå styreleiar Kjetil Haanes. 
Publisert: 26. Apr 2018, kl. 11:17 | Sist oppdatert: 26. Apr 2018, kl. 14:35
Kjære medlem!

Vi har bak oss sju regionmøter med bra oppslutning på alle møta. Det er vi glade for. På møta ble kampanjer og forslag til endringer i medlemsdemokratiet diskutert. Medlemmane kom med mange gode innspel, som styret tar med seg når det skal utarbeide dei forslaga om endringar i medlemsdemokratiet som skal leggjes fram på landsmøtet i november. I tillegg var det spesiell fokus på det pågåande arbeidet internasjonalt om utvikling av ein ny policy rundt narkotika og menneskerettar.

Engasjementet har vore stort, og tilbakemeldingane viser at det er stor semje om at det er behov for ein politikk som set ein stoppar for dei alvorlege menneskerettsbrota som skjer i kampen mot narkotika. Mellom anna er det framleis 30 land som har dødsstraff for narkotikarelaterte brotsverk. Mange er også samde om at det er rett å gå frå ei strafferettsleg tilnærming av enkelte narkotikarelaterte handlingar til ei meir helsemessig tilnærming. Derimot er det ulike oppfatningar om kvar grensene skal gå.

Det siste kom også tydeleg fram då policy-utviklinga vart diskutert på eit møte for europeiske styreleiarar og direktørar i Lisboa 13. – 15. april. Dette møtet var ei opptakt til GA – Global Assembly, som er det  øverste internasjonale beslutningsorganet i Amnesty International. GA skal no haldast kvart år etter at det er innført ein ny styringsmodell i den internasjonale rørsla, og det aller første GA skal arrangerast i Warszawa 6. – 8. juli. På det møtet skal ein etter planen fastsetja hovudprinsippa rundt policyen på ‘drugs control and human rights’, og så skal det internasjonale styret leggje siste hand på arbeidet i desember.

I 2019 kjem for øvrig også FN med ein revisjon av sin ti år gamle ‘Political Declaration on Plan of Action on Drugs,’ slik at tematikken er aktuell av fleire grunnar.

På plass på det europeiske møtet i Lisboa var også ni ungdomsrepresentantar, der ulike seksjonar tredjekvart år får stille med ein ekstra ungdomsrepresentant. Norge vart valt ut i år, og den norske representanten vart Selma Ahmetagic frå Valderøya og Oslo. Selma er mellom anna nestleiar i Studentrådet og leiar for Amnesty Jus Oslo, og var ein av medlemane i gruppa som arbeidde med medlemsdemokratiprosjektet.

Selma var aktivt med i diskusjonane i Lisboa der det mellom anna også vart diskutert ei oppdatering av Amnesty sin policy rundt abort, samt om utvikling av ein policy rundt klimaendringar og menneskerettar. Dette er langt mindre kontroversielle saker enn diskusjonen rundt ‘drugs control and human rights’, sjølv om det spesielt i ein del katolske land er venta sterk motstand mot den nye policyen rundt abort.

Norge har vore av pådrivarane for at Amnesty-policyen skal kome i tråd med internasjonal menneskerettsstandard og praksis, og har i tillegg vore engasjert i enkeltsaker. Mellom anna var generalsekretær John Peder Egenæs på plass i februar då Teodora Vasquez frå El Salvador endeleg vart sett fri etter ti år i fengsel etter at ho først vart dømd til 30 års fengsel for ein dødfødsel.

Under møtet i Lisboa var det også stor fokus på situasjonen for Amnesty-seksjonane i Tyrkia, Ungarn og Polen, som er under kraftig press frå styresmakter og høgrepopulistiske grupper. Det er all grunn til å stå solidarisk bak dei modige menneskerettsforkjemparane i desse landa nær oss, inkludert den avtroppande tyrkiske styreleiaren Taner Kılıç som framleis er fengsla.

Her i Norge er vi godt i gang med årets kampanjer, arbeidet med nye heimesider har starta, og planlegginga til landsmøtet i Stavanger 9. - 11. november er i rute. Her vert det spesiell fokus på at FNs menneskerettserklæring er 70 år, og vi kan love eit rikhaldig program med mange spennande gjestar. Det er dermed god grunn til å setje av datoane alt no.

På Landsmøtet skal også Amnestyprisen delast ut til ein kandidat som har bidrege til å opplyse eller skape brei debatt om menneskerettsspørsmål, eller har gitt resultat i form for betre vern og betre rettar for enkeltmenneske eller ei gruppe menneske. Du som medlem er hjarteleg velkomen til å kome med forslag til kandidatar. Forslag kan sendast til sekretær for nominasjonskomiteen Gerald Kador Folkvord, e-post [email protected]. For meir informasjon om prisen, sjå her.

Elles er det fint å registrere at Amnesty i Norge ofte vert trekt fram som ein rollemodell for andre seksjonar, seinast om korleis ein har organisert seg for å få fleire ungdomar engasjert og aktivisert.

Amnesty i Norge er no den ellevte største økonomoiske bidragsytaren i Amnesty-familien. Aller størst er USA, UK og Frankrike, men i høve til folketalet er det Norge og Sveits som bidreg mest.

Når det gjeld antal medlemar og støttespelarar i høve til folketalet er derimot Island klart størst med imponerande 7,63 prosent. Her er Færøyane nummer to med 3,32 prosent og Norge på tredjeplass med 1,99 prosent.

Og så er det god grunn til å glede seg over at det i 2017 vart sett ny rekord for Skriv for liv, der det var 5,5 millionar som deltok på verdsbasis. Frå Norge vart det sendt nærmare 135.000 apellbrev og underskrifter, og rundt 50 Amnesty-grupper hadde aksjonar.

Tusen takk til alle som står opp for menneskerettane og for menneskerettsforkjemparar over heile verda!