Nytt fra styret

Skal Amnesty International i Norge gå over frå landsmøte annankvart år til å ha landsmøte årleg på våren? Og skal desse møta vere fast på Gardermoen? 
Publisert: 15. Jan 2018, kl. 10:35 | Sist oppdatert: 12. Feb 2018, kl. 10:53
Dette er blant forslaga frå medlemsdemokratiutvalet, eit utval som vart nedsett etter at landsmøtet i 2016 vedtok at «Landsmøtet ber styret nedsette et utvalg som skal utrede Amnesty i Norges medlemsdemokrati. Utvalget skal presentere sine forslag til styret innen utgangen av 2017. Styret presenterer sitt forslag for landsmøtet 2018».
 
Utvalet har gjort eit grundig og omfattande arbeid, og på dei regionale medlemsmøta vert innstillinga frå medlemsdemokratiutvalet ei av hovudsakene. Eg håper mange vil stille på desse møta, som vert arrangerte slik (styrerepresentantar som deltek i parantes):
  • Stavanger 3. februar (Tonje Hellevig)
  • Trondheim 10. februar (Kjell Johnsen)
  • Bergen 10. februar (Veslemøy Aga)
  • Kristiansand 3. mars (Kjetil Haanes)
  • Ålesund 3. mars (Thea Schjødt)
  • Tromsø 10. mars (Tor-Hugne Olsen og Gro Herefoss Davidsen)
  • Oslo 17. mars (Wasim Zahid og Nancy Herz)
 Endeleg vedtak om Amnesty i Norges demokratiske struktur skal fattast på landsmøtet i Stavanger 9.- 11. november. Der skal det også takast stilling til fleire andre forslag frå utvalet, som totalt har foreslått 14 tiltakspunkt for å gjere Amnesty i Norge til ein meir effektiv og inkluderande demokratisk organisasjon.
 
Eitt av tiltakspunkta er å gjere deler av regionmøta til landsmøteførebuande møteplassar.
 
Derimot tilrår utvalet at det ikkje vert innført delegatordning, elektronisk stemmegiving eller direkte-overføring av dei organisatoriske delene av landsmøtet.
 
Her kan du lese heile innstillinga frå utvalet.
 
Ein av grunnane til å gjere endringar no er behovet for at Amnesty i Norge skal kunne følgje den nye styringsstrukturen globalt, mellom anna med innføring av eit årleg Global Assembly om sommaren.
 
Det aller første Global Assembly skal arrangerast i Warsawa 6. – 8. juli. Der har Norge tre representantar, og styret har vedtatt at dei tre vert styreleiar Kjetil Haanes, nestleiar Thea Schjødt og generalsekretær John Peder Egenæs.
 
Ein tredjedel av seksjonane får i tillegg på rullerande basis ein ekstra ungdomsrepresentant, men dette gjeld for Amnesty Norge først i 2019.
 
Fram til Global Assembly har styret vedtatt å følgje spesielt nøye med på dei pågåande policy prosessene som pågår internasjonalt rundt:
  • Statlege plikter ved val
  • Militær okkupasjon
  • Narkotika og menneskerettar
 I tillegg vart det 15. oktober i fjor arrangert møte for særleg interesserte rundt policyutviklinga om klimaendringar og menneskerettar.
 
Styret vedtok på sitt siste møte i desember ny mål- og handlingsplan for 2018. Planen har 39 strategiske mål og over 300 ulike målsetjingar, men hovudsatsinga er den globale kampanjen for menneskerettsforkjemparar. Her er det nok å ta tak i, og vi håper og trur at medlemane vil slutte entusiastisk opp rundt dette arbeidet. Det trengst!
 
Spesielt vil det verte jobba med landa Russland og Saudi-Arabia, i tillegg til Tyrkia der styreleiar Taner Kilic i Amnesty International Tyrkia framleis er mellom fleire hundre fengsla journalistar og menneskerettsforkjemparar.
 
Høgt prioritert vert også arbeidet rundt Pensjonsfonds Utlands investeringar i Saudi-Arabia og kampanjen for ei endring av lovgjevinga rundt valdtekt.
 
Styret har også vedtatt det mest ambisiøse budsjettet nokon gong i Amnesty-historia. Inntektene er budsjettert til 112,1 millionar koner, og utgiftene til 111,0 millionar. Det er dristig, men vi har god tru på at vi skal nå måla takka vere alle som dagleg bidreg til at Amnesty International i Norge skal verte ein endå meir slagkraftig organisasjon.
 
I tillegg har styret løyvd 2,5 millionar kroner til utvikling av nye nettsider for Amnesty, eit arbeid som alt har starta.
 
I desember var det også avslutning for EEJ (Education, Empowerment, Justice)-programmet med samling i Oslo for prosjektleiarane for dei 13 prosjekta der det har vore fokus på menneskerettsundervisning for å styrke menneskerettane for spesielt utsette grupper.
 
Resultata har vore imponerande, anten det gjeld kampen mot tortur i fengsla i Marokko og Burkina Faso, innføring av menneskerettsundervisning som fast pensum for skuleelevar i Moldova, retten til vatn og helse for Rom-folk i Slovakia eller arbeidet for å bygge opp og motivere urfolkskvinner på Filippinane og i Peru i kampen for menneskerettar og mot miljøøydeleggingar.
 
Også den uavhengige konsulentrapporten fastslår at det femårige EEJ-programmet har vore ein stor suksess. Takk til alle som har bidratt!
 
I den internasjonale rørsla er det no klart at Kumi Naidoo frå Sør-Afrika i midten av august kjem til å overta som generalsekretær etter indiske Salil Shetty.
 
Kumi har lang fartstid som miljø- og menneskerettsforkjempar og har mellom anna vore direktør for Greenpeace International og leia arbeidet i organisasjonen Global Call for Climate Action. Vi gler oss til å verte betre kjend med Kumi!
Og så er det på sin plass å gratulere styremedlem Nancy Herz og Skamlaus-jentene for å ha mottatt ei lang rekkje prisar, og endåtil vorte nemnd i statsminister Solberg sin nyttårstale!

Venleg helsing

Kjetil Haanes
styreleiar Amnesty International Norge
tel 902 01 234
epost: [email protected]