Ingen veit nøyaktig kva som skjedde. Dersom nokon hadde visst det, hadde det heller ikkje skjedd. Det seier seg sjølv.
Publisert: 12. sep 2003, kl. 13:17 | Sist oppdatert: 16. Jan 2024, kl. 22:28
Illustrasjon: Pia Myrvold

Av Are Kalvø


Ein dag mista verda hukommelsen. Ikkje berre folk. Datamaskinene også. Nesten alt minne var sletta.

Ein fann ein del dokument, nokre kart, lover, bitar av erklæringar. Det var alt ein hadde å gå etter. Ein fann mellom anna ein kladd til noko som blei kalla erklæringa om menneskerettane, som både såg og høyrdest viktig ut.

Ein fann også eit papir med ein oversikt over kva land i verda det var best å bu i. Norge låg øverst på oversikten. Ein fann Norge på eit kart og gav folk der i oppgåve å rekonstruere menneskerettane. Nordmennene gjekk i gang. Det einaste dei hadde å gå etter, var kladden til erklæringa om menneskerettane, og nokre debattinnlegg, avisoppslag og brev frå den politiske debatten i landet dei siste åra. Etter hardt arbeid, mykje diskusjonar og mange kompromiss, klarte nordmennene å fullføre den nye versjonen av erklæringa om menneskerettane:

  1. Alle menneske er født frie og med like rettar. Men det har ein tendens til å gå fort over.
  2. Rettane og fridommane i denne erklæringa gjeld alle menneske. Kva ein meiner med «alle menneske» vil ein komme tilbake til ved eit seinare høve. Inntil vidare vil ein arbeide for at rettane og fridommane i denne erklæringa skal gjelde minst 50% av alle menneske innan 2057 dersom ein blir samde om korleis dette skal finansierast på ein måte som ikkje trugar budsjettbalansen, og dersom det kan gjennomførast utan å bruke av oljepengane.
  3. Alle menneske har rett til liv, fridom og personlig tryggleik. Slaveri og slavehandel i alle former er forbode. Bensin som kostar meir enn ni kroner og femti øre literen er heller ikkje bra.
  4. Ingen må bli utsett for tortur eller grusom, umenneskelig eller nedverdigande behandling, som å måtte køyre til Sverige for å handle, fordi kjøt, alkohol og tobakk er litt billigare der.
  5. Alle har krav på same vern mot diskriminering. Men ein må også ha lov til å seie det som det er og kalle ein spade for ein spade, utan å bli skulda for å vere rasist av folk som er så jævla politisk korrekte at det snart ikkje er mulig å seie noko som helst høgt i dette landet, vi meiner, ærlig talt, altså.
  6. Ingen må bli utsett for vilkårlig arrest, fengsling eller landsforvising, unntatt openbart grunnlause søkarar.
  7. Alle har rett til å bevege seg fritt og til fritt å velje opphaldsstad innanfor ein stats grenser. Men då må dei først komme seg innanfor statens grenser, og det står ingen stader i erklæringa at det skal vere lett. Alle har rett til å forlate eit kvart land, også sitt eige, og til å vende tilbake til landet sitt. Kanskje spesielt det siste.
  8. Alle har rett til i andre land å søke og ta imot asyl mot forfølging. Unntatt openbart grunnlause søkarar, som sagt.
  9. Alle har rett til meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld for eksempel retten til å seie det som det er og kalle ein spade for ein spade og meine at alle asylsøkarar er grunnlause og/eller kriminelle utan å bli skulda for å vere rasist og det som verre er av folk som er så jævla politisk korrekte, altså, vi meiner, hallo?!
  10. Alle har rett til arbeid. Alle har rett til kvile og fritid, herunder rimelig avgrensing av arbeidstida og regelmessige feriar med lønn, minst to bilar, hytte på fjellet og alderdom i Spania, eller eit anna land der ein ikkje treng å lære seg det lokale språket, og der ein får vanlige dagligvarer til lavare pris enn i heimlandet (sjå pkt. 4.)
  11. Alle har rett til å ta del i sitt lands styre, direkte eller gjennom fritt valde representanter, sjølv om det kan bety at det kan bli vanskelig å komme fram til semje om for eksempel kva ein meiner med «Alle menneske» (jfr. pkt 2.)
  12. Alle har rett til god skulegang. Og alle har rett til å meine at dette er dei åleine om å meine.
  13. Alle burde kanskje også ha rett til barnehageplass, men alle veit at dette vil alle aldri klare å bli samde om likevel, og i alle fall ikkje korleis, til kva pris eller når.
  14. Alle har rett til sosial tryggleik, så lenge det ikkje går utover budsjettbalansen.
  15. Alle har rett til å skjelle ut den norske landslagstrenaren i fotball.
  16. Alle har rett.
  17. Denne erklæringa vil bli fortløpande omskriven, og alle har rett til å reservere seg frå alle punkt i erklæringa, uavhengig av kva ein elles måtte meine med «alle» (jfr. for eksempel pkt. 2)
  18. Det vil bli nedsett ein kommisjon som fortløpande skal vurdere den fortløpande omskrivinga av denne erklæringa.
  19. Det skal med jamne mellomrom nedsettast nye kommisjonar som fortløpande skal vurdere arbeidet til den kommisjonen som blei nedsett for å fortløpande vurdere den fortløpande omskrivinga av denne erklæringa.
  20. Alle har rett til å nedsette ein kommisjon.

Publisert i AmnestyNytt 2003/3.