- For å forstå Kina må ein snakke med Kinas fattige, seier migrantarbeidaren Wong.
Publisert: 7. sep 2007, kl. 14:12 | Sist oppdatert: 7. Mar 2024, kl. 17:05
Linn Chang Liu held ved like eit av dei strekka på den kinesiske mur kor turistane flokkast. Det tok fleire hundretusen kinesiske arbeidarar og fleire hundre år å fullføre eit av verdas største byggverk. Men det krev ikkje meir enn ei handfull arbeidarar å vedlikehalde fotgjengarområdet. Foto: AdLib

Av Ellen Håvåg Bjørlo

Cha Guoqun forlét heimen sin på den kinesiske landsbygda for å søke lukka i storbyen Hangzhou. Han fekk seg arbeid, men kort tid etter fekk han ein infeksjon i foten som gjorde at han ikkje kunne jobbe. Cha hadde ikkje sjukeforsikring, og på det statlege sjukehuset fekk han to val; anten kunne han betale 1000 yuan (120 amerikanske dollar) dagleg for behandling, tilsvarande månadsløna hans, eller så måtte foten amputerast. Cha var heldig denne gongen, eit kristent privatsjukehus betalte behandlinga, og dei greidde å redde foten hans.

- Eg var heldig denne gongen, men alt i alt er medisinsk behandling for dyrt for folk som meg, seier Cha.

Opphaldsløyve avgjerande

Cha er ein av nesten 200 millionar kinesarar som i løpet av dei siste 20 åra har flytta frå landsbygda på jakt etter eit betre liv i storbyane. Det første hinderet for å nå denne draumen kan verke som ein administrativ bagatell, men denne bagatellen er faktisk avgjerande for framtida deira. For i det heile teke få lov til å jobbe, leige husvære, opne ein bakkonto, bruke offentlege bibliotek, osv, er migrantarbeidarane nøydde til å skaffe seg eit opphaldsløyve frå dei lokale styresmaktene. Men dette er det dei aller færraste som greier å skaffe seg. Å få tak i eit slikt løyve er både dyrt og vanskeleg, reglane for registrering er forskjellege frå stad til stad, og ofte må både byråkratar og politimenn bestikkast.

- Politiet delar ikkje ut opphaldsløyve utan vidare, ein er nøydd å ha personlege kontaktar, fortel ein arbeidsmigrant i Beijing.

Dersom ein ikkje greier å skaffe seg det rette løyvet, er det også vanskeleg å få ei arbeidskontrakt, og dermed også moglegheit for å få helseforsikring gjennom arbeidsplassen. Sidan helsevesenet i Kina vart delprivatisert har prisane på helsetenester auka drastisk, og behandlingane vert umoglege å betale for dei som ikkje er forsikra. Dermed let mange migrantarbeidarar vere å søke hjelp når dei er sjuke, som denne 19 år gamle kvinnelege arbeidaren:

- Vanlegvis held eg berre ut. Etter sju dagar pleier eg å bli frisk att.

Lange dagar og lite ferie gjer at migrantane må ta seg fri frå jobben når dei skal til legen. Utan arbeidskontraktar er dei redde for å misse jobben dersom dei spør om fri.

- Vi arbeider på skift, men viss vi kan, så tek vi nokre timar ekstra, forklarer Zhang (sitjande, til venstre). Anleggsarbeidarane er opphavleg frå Anhui-provinsen, men bur i Shanghai så lenge dei har jobb, gjerneåtte-ni månader om gongen. På eit år tener dei 5-6000 kroner, og halvparten av desse tek dei med seg heim til Anhui. Foto: AdLib

Mange migrantar vert også direkte hindra av arbeidsgjevar i å søke medisinsk hjelp;

- Eg hadde store rygg- og magesmerter, så eg spurte om å få fri. Sjefen sa nei, det var så mykje å gjere. Eg hadde ikkje noko anna val enn å halde ut. Då eg ikkje greidde meir, sa sjefen min; «du burde verkeleg ikkje stoppe, du burde bite tennene saman». Dette fortel ein 20 år gamal arbeidsmigrant.

Sårbare og utnytta

Amnesty Internationals rapport, China; The human cost of the economic «miracle», viser korleis migrantarbeidarane er svært sårbare for å bli diskriminert og utnytta av arbeidsgjevar fordi dei ikkje har arbeidskontrakt.

- Vi jobba 14-timars dagar, frå 7.30 til 22.30, med to pausar. Men viss det kom inn ei bestilling måtte vi jobbe heile døgeret, til 12.30 neste dag. Dette kunne skje i opp til 20 dagar i strekk. Du måtte jobbe overtid. Viss du nekta, vart du bøtelagt, seier ein migrantarbeidar som fortel si historie.

Fru Zang opplevde å bli stengd inne i fabrikken då dei trua arbeidsgjevaren med å slutte:

- På det tidspunktet hadde vi ikkje fått utbetalt løn på tre månader. Vi hadde ikkje eingong pengar til bussbilletten inn til Beijing, men vi bestemte oss for å slutte, utan å få løna vår. Vi reiste på kvelden for då var det berre ein mann som heldt vakt ved porten. Vi hadde alliert oss med ein annan som jobba på fabrikken, og han hadde stole nøkkelen til porten. Då porten var opna kunne ikkje vakta halde oss tilbake, og det var slik vi kom oss ut.

- Arbeidsmigrantane er truleg utsette for den verste diskrimineringa og dei dårlegaste villkåra på arbeidsplassar i Kina. Arbeidsgjevar held tilbake løn og utbetalar fleire månader for seint, eller ikkje i heile teke, for å hindre at arbeidarane sluttar, fortel Gerald Folkvord, Kina-ansvarleg i Amnesty i Noreg.

- Desse tilstandane minner farleg om slaveri.

Auka merksemd

I løpet av dei siste 20 åra har opp mot 200 millionar kinesarar flytta frå landsbygda til storbyane. Om ti år vil truleg talet ha kome opp i 300 millionar. Det er altså snakk om den største migrasjonen frå land til by i verdshistoria. Observatørar melder at Kina no er begynt å ta problemet på alvor fordi dei ser moglegheitene for sosial uro og fordi problemet set landet i eit dårleg lys.

- Det er enorme skilnader mellom fattig og rik i Kina i dag, men dei fleste besøkande i Shanghai ser berre rikdomen, seier Wong. Foto: AdLib

Det er mange norske selskap som har produksjon i Kina, og også dei seier dei er klar over situa­sjonen, men at det er lite dei kan gjere.

- Vi deler norske myndigheiters og Amnestys bekymring over migrantarbeidarane, og dette er noko vi diskuterer med den kinesiske arbeidsgjevarorganisasjonen, seier Jon Vea i Næringslivets hovudorganisasjon.

LO opplyser at dei samarbeider med den kinesiske arbeidstakarorganisasjonen, men at dei ikkje kan gjere så mykje anna enn å drøfte saka. - Det er dessverre lite vi kan gjere før migrantarbeidarane får sjansen til å organisere seg, seier Diis Bøhn ved internasjonal avdeling i LO.

Men Jon Vea i NHO er også optimistisk på vegne av migrantarbeidarane.

- Vi opplever at kinesiske styresmaketer viser lovande tiltak for å betre situasjonen. Landet er i verdas søkelys, og kinesarane er begynt å erkjenne at situasjonen for migrantarbeidarane gjev Kina eit dårleg omdømme, seier han.

Den same optimismen deler den statlege arbeidsgjevarorganisasjonen i Kina, China Enterprice Confederation. Visedirektør, Hu Xinxin, går så langt som å påstå at migrantproblemet vil vere løyst om tre til fem år.

- Kongressen har nyleg sett av milliardar av dollar til å løyse problema for migrantarbeidarane. Vi er innstilte på at landets økonomiske vekst vil avta medan dette arbeidet pågår, seier han.

Amnesty kritisk

Gerald Folkvord i Amnesty International Noreg deler inntrykket av at dei kinesiske myndigheitene er klar over problemet, men han er meir skeptisk når det gjeld viljen deira til å handle.

- Årsaka til den alvorlege situasjonen for migrantarbeidarane er ikkje først og fremst dårlege lover og reglar, men at dei ikkje blir følgt opp i praksis, meiner Folkvord.

Han påpeikar at også internasjonale aktørar har eit tydeleg ansvar i denne saka.

- Viss dei store vestlege selskapa viser sine kinesiske leverandørar at dei er opptekne av menneskelege arbeidsvilkår og ikkje berre av lågast mogleg prisar, vil det bety mykje for migrantarbeidarane sin situasjon.

Folkvord meiner også at kvar einskild forbrukar kan gjere noko:

- Vi veit at dei store, vestlege kjedene følgjer med på kva kundane deira er opptekne av. Det gjev også deg og meg moglegheiter til å påverke! Vi kan vise dei at vi som konsumentar er opptekne av arbeidsforholda til dei som produserer til dømes kleda våre.

Ellen Havåg Bjørlo er organisasjonssekretær i Amnesty International Norge

Publisert i AmnestyMagasinet 2007/2