- Amnestys rapport bekreftar at menn bryr seg om vold mot kvinner, men vi har ein jobb å gjere når det gjeld å endre menns haldningar, seier ein av initiativtakarane til «Menn mot voldtekt», Preben Z. Møller
Publisert: 12. Mar 2008, kl. 15:22 | Sist oppdatert: 11. Jan 2024, kl. 12:05
- Voldtekt er først og fremst menn sitt ansvar, og menn har nøklar til å gjøre noko med problemet, seier Preben Z. Møller og Per Kristian Dotterud i Menn mot voldtekt. ©Ingar Storfjell

Av Inger Håvåg Bjørlo

I mars i år blei ulike krefter frå Nordisk Institutt for kvinne- og kjønnsforsking (NIKK), Likestillings- og diskrimineringsombodet og Reform - ressurssenter for menn, tromma saman til eit møte for å få til eit mannsengasjement. Resultatet blei initiativet «Menn mot voldtekt».

Voldtekt som samfunnsproblem

- Voldtektsområdet er tilbakeliggande i forhold til likestillinga elles i samfunnet. Styresmaktene må begynne å prioritere kampen mot voldtekt, med betre førebygging, rettsvern og etterforsking, seier Preben Z. Møller.

Samtidig ynskjer «Menn mot voldtekt» eit fokus på korleis den enkelte mann kan bidra.

- Eit av utgangspunkta for initiativet var at kvinner allereie er engasjerte i voldsdebatten, medan menn er passive. Det var rart, syns vi. Er ikkje voldtekt eigentleg eit mannsproblem, spurte vi oss.

Møller og resten av initiativtakarane syns difor det var på sin plass å lansere voldtekt som eit problemområde for menn. Og då ikkje berre for overgriparane, men for alle menn.

- Voldtekt er eit samfunnsproblem, og alle menn må ta ansvar.

Markere standpunkt

Møller meiner at menn kan ta ansvar ved å markere standpunkt i sine nærmiljø.

- Vi avviser tesen om at einkvar mann er ein potensiell voldtektsmann. Vi trur, tvert om, at dei fleste menn er motstandarar av voldtekt, og at menn kan bidra i praksis ved å ta opp temaet i sine miljø, blant vener og kjente.

Han håpar at slike diskusjonar kan vere med å påverke haldningane til menn som ikkje har like tydelege grenser.

- Dette vil vere med å skape eit normpress som gjer det vanskelegare for slike menn å «krysse streken», seier han.

Ulike tiltak

Eit av initiativets konkrete tiltak er eit opprop der alle kan skrive under på at ein støttar krava til styresmaktene. Oppropet inkluderer også ei meir personleg erklæring om at ein tek avstand frå voldtekt.

- Vi jobbar med å få til ein avtale med taxiane i Oslo om eit klistermerke dei kan ha på bilane som viser kvinner at denne taxisjåføren vil passe på at du kjem deg trygt heim på kveldstid. I tillegg vil vi gjerne involvere restaurantnæringa, reklamere på skular, og på sikt vil vi jobbe for å forbetre seksualundervisninga på skular. Vi har også planar om å vere tilstades med informasjonsmateriell på fleire av sommarens festivalar.

Inviterer stortingspolitikarar

«Menn mot voldtekt» sitt mest nærståande arrangement er ein happening på Youngstorget i Oslo laurdag 23.juni.

- Vi har oppmoda alle dei mannlege stortingsrepresentantane om å skrive under på oppropet, men førebels har berre to av dei reagert. Difor håpar vi at dette arrangementet ikkje berre vil motivere mannen i gata til å ta ansvar, men at også politikarane vil prioritere kampen mot voldtekt.

Ellen Havåg Bjørlo er organisasjonssekretær i Amnesty i Norge

Publisert i AmnestyMagasinet 2007/2.