Kina: Rebiya Kadeers son i livsfare etter tortur

Sonen til uigur-aktivisten Rebiya Kadeer blir halde fengsla og torturert som ein direkte konsekvens av moras kamp for uigurars rettar i Kina. No er Ablikim Abdiriyim alvorleg sjuk som følgje av torturen, men han blir nekta medisinsk tilsyn. Amnesty er bekymra for hans liv og helse.
Publisert: 9. Mar 2007, kl. 14:52 | Sist oppdatert: 25. Feb 2010, kl. 03:11

Ablikim Adbiriyim vert halde fengsla i Tianshan varetektsfengsel i Urumchi, som ligg i den autonome regionen Xinjiang. I ei hemmeleg rettssak den 28. januar vart Ablikim Adbiriyim tiltala for samfunnsfiendtleg verksemd, etnisk separatisme og for å sende informasjon til mora over internett. Detaljar rundt rettssaka og dommen er ikkje klare.

Medan han har sete varetektsfengsla har Ablikim Adbiriyim blitt utsett for regelmessige og lange avhør kor han også er blitt utsett for vald. Vaktene skal også ha nekta å gje han varme kle som familien sendte til fengselet. Den 26. november i fjor skal han ha blitt observert då han blei frakta ut av fengselet på ei båre.

I følgje Ablikim Adbiriyims familiemedlemmar har helsetilstanden hans forverra seg medan han har sete i varetekt. Då dei bad om at han skulle få medisinsk tilsyn, vart dei åtvara mot å "blande seg". Familien fryktar no at livet hans er i fare.

Heilt sidan Rebiya Kadeer blei arrestert fyrste gong i 1999, har familien hennar jamleg blitt trakassert av kinesiske myndigheiter. Då ho blei benåda på grunn av dårleg helse og reiste til USA, auka trakasseringa mot familien hennar. Kadeer hevdar at ho vart åtvara mot å engasjere seg for uigurars rettar igjen, og at viss ho snakka offentleg om desse "sensitive tema", ville "forretningane og borna hennar vere ferdige".

Då Rebiya Kadeer vart sett fri, starta kinesisk politi etterforsking av påstått økonomisk rot i familiens selskap. Kadeer har gjentatte gonger nekta for å ha gjort noko gale.

Kinesiske myndigheiter har oppretta ei eiga arbeidsgruppe som skal handtere familien og familiens selskap. Denne arbeidsgruppa har beslaglagt alle eigedomane til Kadeer-familien og gjett dei beskjed om å finne seg nye plassar å bu. Beslaglegginga skulle fungere som eit betalingsavdrag på dei store bøtene som er skrivne ut til familiens selskap.

1. juni 2006 blei Ablikim Abdiriyim og hans bror, Alim, banka opp av politiet framfor auga på borna deira og søstera, Rashangul. Ho blei så gitt ein mobiltelefon og beordra til å ringe mora i USA og fortelje henne kva som skjedde.

27. november 2006, dagen etter at Rebiya Kadeer vart vald til president av World Uyghur Congress, blei Alim og broren Kahar dømt til å betale bøter tilsvarande millionar av dollar. Alim blei i tillegg dømt til sju års fengsel for skattesvik.

Mønsteret av straffer mot Rebiya Kadeers familie for hennar arbeid for menneskerettar gjev grunnlag for å reise sterk tvil om truverdet til politietterforskinga.

Følg denne linken for å sende ein appell til kinesiske myndigheiter

Les meir om Rebiya Kadeer her