- Er det rart at me i Vinje er stolte av somaliarane våre?

Ordfører Arne Vinje i Vinje kommune mottok Amnestyprisen 2008 25.10. Dette er takketalen han holdt på Amnestys landsmøte samme dag.
Publisert: 29. okt 2008, kl. 14:37 | Sist oppdatert: 23. Mai 2023, kl. 11:35

"Amnesty er den organisasjonen i Noreg som nyt mest respekt og talar med størst autoritet i spørsmål om menneskerettar. Derfor er det er for Vinje kommune ei både uventa og nærast ufatteleg ære å bli tildela prisen for 2008; og spørsmålet melder seg straks om me kan seiast å vera prisen verdig.

No skal eg sjølvsagt på ingen måte leggje opp til ein krangel med juryen om den saka, men eg vil gjerne nytte høvet til å seia litt om korleis me opplever denne tildelinga og kva ho har å seia for oss.

Denne helga markerer me i Vinje at det er 20 år sidan dei fyrste somaliske flyktningane kom til kommunen, med ei tre dagars feiring som opna med eit verdiseminar og ein storslagen festkveld i går. Markeringa har vori planlagt lenge, og heilt uavhengig av at Vinje kommune i det siste halve året ofte er nemnd som eit føredøme på vellykka integrering.

Det er med ei viss – og kanskje litt naiv – undring at me konstaterer at me er tildelt ei slik rolle. Rett nok har me visst at det går bra med somaliarane som bur i kommunesenteret Åmot, på same måten som med bosniarane i Haukeli og liberianarane i Rauland.

Ungane greier seg godt i skulen, dei er ein styrke for Vinjes suksessrike fotballag i ulike klasser og dei er gode på ski; ungdomen tek utdanning på eit nivå som heller ligg over gjennomsnittet for bygdeungdomen; dei vaksne er i arbeid, dei er flinke til å følgje opp ungane sine og tek del i lokale aktivitetar. Somaliarane er for fyrste gong representerte i kommunestyret i denne perioden.

Med andre ord: desse tjuge åra har ført til at dei som flykta frå den blodige og meiningslause borgarkrigen i Somalia og hamna i fjellbygda Vinje med lite anna enn traumatiske erfaringar i bagasjen, dei er no vanlege vinbyggjar – bortsett frå at dei er underrepresenterte i kriminalstatistikken, dvs utan representasjon. Så langt har dermed kommunen og innbyggjarane for så vidt lykkast med den oppgåva me tok på oss. Det er me glade for og finn grunn til å feire, men gjer det oss fortente til sjølvaste Amnesty-prisen?

For det kan heller ikkje stikkast under ein stol at busetjing av flyktningar har vori ei omdiskutert sak i Vinje òg. Det var tvilarar og motstandarar i 1988, der finst framleis fremmendfrykt og fordomar hjå oss som alle andre stader, og det er faktisk framleis eit politisk parti i kommunen som held fram med sin programmatiske motstand mot all innvandring som ikkje kjem frå andre rike, vestlege land der dei i tillegg snakkar språk som me kan forstå.

Men så ser me sjølvsagt bakgrunnen: at alle meldingane om mistilpassa og mangelfullt integrerte flyktningar skapar auka motstand mot så vel asylinstituttet som norske kommunars vilje til å ta på seg den heilt naudsynte oppgåva å finne ein trygg og god plass til menneske som er drivne på flukt. Og me ser at somaliarane no er stempla som ei særleg vanskeleg gruppe å integrere. Det er etter våre røynsler eit urimeleg og uverdig stempel. Men me skjønar også at nettopp dette stigmaet gjer at erfaringane frå Vinje er viktige; og det faktum at vinbyggjane ikkje er av ein betre moralsk kvalitet eller har ei høgare politisk innsikt enn andre, det gjer at erfaringane våre òg er relevante for ei lang rekkje kommunar i landet.

Juryen har i grunngjevinga si sagt mykje om dei faktorane som var avgjerande for at integreringa i Vinje gjekk som ho skulle: kommunen sytte for tett, individuell oppfølging med stor vekt på norskundervisning og generell samfunnsinformasjon.

Tilsvarande viktig var at mange menneske i lokalsamfunnet brydde seg, dei stod opp for flyktningane og opna dørene sine for dei, og dei skipa friviljuge nettverk der gruppa Kjeringråd spela ei avgjerande rolle for å gjeva dei somaliske kvinnene eit miljø der dei kunne trivast, kjenne seg trygge og få hjelp til å nærme seg steg for steg den norske kvardagen, veremåten og tenkjemåten. Så var det arbeidsgjevarane som gav flyktningane jobbsjansar – og snautt trega på det! – og idrettslaget, som i alle desse åra har drivi eit svært viktig integreringsarbeid for born og unge.

Og det var ikkje minst somaliarane sjølve. Dei møtte utfordringane sine i Vinje med ein sterk og konstruktiv vilje til å gjera det beste ut av situasjonen, til å delta i lokalsamfunnet på line med andre og til å nytte dei moglegheitene som samfunnet gjev dei. I ei evaluering av integreringa som Vinje kommune har utført, går det fram at innvandrarane sjølve er til dels svært godt nøgde med situasjonen sin, og har utvikla ei sterk tilknyting til Vinje. 80 prosent av dei som svara, seier at dei ikkje har ønske eller planar om å flytte til andre kommunar.

Men det kanskje sterkaste uttrykket for at integreringa har vori vellykka, er at somaliarane i Vinje har hatt kraft, overskot og solidaritet nok til å skipe sin eigen hjelpeorganisasjon. I 2004 starta dei eit nettverk som samlar inn pengar til bygging og drift av skular i heimkommunen i Somaliland, Allaybaday.

Nettverket er no globalt, og gjev gjennom drifta av 12 skular undervisning til halvparten av alle ungane i området, og der halvparten av elevane er jenter. Det er sensasjonelt høge tal, samanlikna med andre regionar i dette landet der all statleg infrastruktur ligg i grus. Alt det administrative arbeidet er gratis, og dei innsamla midlane går direkte til bygging av skular, løn til lærarar og kostnadene med materiell og skulemat. Framleis blir aksjonen i stor grad leia frå Vinje.

Er det rart at me i Vinje er stolte av somaliarane våre? Og takksame, for at dei gjev bygda ein dimensjon som me hadde vori fattigare utan. Me har komi så nær kvarandre gjennom desse åra at kjennskapen til det levande mennesket har erstatta den stereotypien me bar på før. I desse dagar skal politikarane i Vinje ta stilling til førespurnaden om å busetje fleire flyktningar. Alt tyder på at vedtaket blir positivt, og at kommunen helst vil ha fleire frå Somalia.

For somaliarane treng på ingen måte vera ei umogleg gruppe å integrere. Dette må vera den aller viktigaste bodskapen frå jubileumsfeiringa i Vinje, og tildelinga av Amnesty-prisen hjelper oss å spreie denne bodskapen endå lenger ut.

Og så må eg leggje til at om det framleis kan reisast tvil om kommunen verkeleg har gjort seg fortent til ein slik ros og ei slik ære, så er det berre ein ting å seia: me må gjera oss fortente. Målet me må strekkje oss mot, er å bli så gode som dei andre trur me er!

Og det kan me gjera med å utvikle bygda vidare i respekt for menneskerettane som eit ope, inkluderande, solidarisk og gjestfritt samfunn. Dette vil ikkje berre hjelpe oss til å føre vidare innsatsen for flyktningar og andre som treng særleg omsut, men det vil gjera lokalsamfunnet til ein endå betre stad både å koma til og å bu i – for alle.

På vegner av Vinje kommune, innbyggjarane generelt og somaliarane spesielt, seier eg Amnesty hjarteleg takk for oppmuntringa og inspirasjonen, og ikkje minst for den oppdragande verknaden det har å skulle leva opp til ein så gild pris!"

Arne Vinje