AmnestyMagasinet 1, 2008: Fengsla etter OL-protest

Då Ye Guozhu protesterte mot at huset og ­restauranten hans blei jamna med jorda for å gjere plass til OL-anlegg, svarte kinesiske myndigheiter med tortur og fengselsstraff. No er også broren til Ye Guozhu arrestert.
Publisert: 25. Feb 2008, kl. 10:29 | Sist oppdatert: 14. jul 2009, kl. 12:52

Ye Guozho er fengsla og torturert for å ha krevd kompensasjon for

at restauranten han eigde blei jamna med jorda. © Ng Han Guan/AP/PA Photo

I 2003 gjekk bulldosarane laus på Xuanwu-distriktet i Beijing for å rydde plass til OL. Blant dei mange som mista husa sine var restauranteigaren Ye Guozhu. Både heimen og levebrødet hans blei jamna med jorda. Myndigheitene i Beijing inngjekk ein hemmeleg avtale om å tvangsflytte innbyggjarane i bydelen, og Ye og familien fekk ingen økonomisk kompensasjon for tapet.

Ye søkte så myndigheitene om løyve til å arrangere ein fredeleg demonstrasjon mot desse tvangsutkastingane. Tre dagar etter han leverte søknaden, blei han arrestert og stilt for retten. Fleire hundre menneske samla seg ved rettslokalet med krav om at Ye Guozhu skulle bli sett fri, men i staden blei han dømt til fire års fengsel for å ha «starta kranglar og skapt uro».

Hengt frå taket

Amnesty har motteke rapportar om at Ye Guozhu er blitt torturert og mishandla. Han skal ha blitt hengt frå taket etter armane og slått med elektriske køller. I tillegg skal han ha blitt tvungen til å sitte rett opp og ned på ein hard stol heile dagen over lengre periodar, og blitt lagt i handjern og fotlekkjer.

Tvangsbarbert

Broren til Ye Guozho, Ye Guoqiang demonstrerar saman med Wang Ling og Qian Guoliang mot tvangsflytting av menneske for å få plass til OL-anlegg. På plakaten står det blant anna «Vi vil ha menneskerettigheter, ikkje OL».© privat

29.september 2007 laga broren til Ye Guozho, Ye Guoquiang, ein plakat med protestar mot myndigheitene sin tvangsutkastingar. Han protesterte med plakaten i ein park i det sørvestlege Beijing, men blei etter kort tid ført bort av lokalt politi.

Det tok fleire dagar før familien fekk vite at Guoquiang var blitt arrestert, og framleis har dei ikkje fått vite kor han er.

Same dag blei sonen til Ye Guozho, Mingjun, henta av politiet i heimen sin. Politiet barberte hovudet til Mingjun, sjølv om det vanlegvis berre er dømde fangar som får denne behandlinga.

Etter ein månad i politiets varetekt vart Mingjun sett fri mot kausjon med klar beskjed om ikkje å snakke med media, då dette kunne ha «negative konsekvensar» for saka til faren.

Fare for liv og helse

Situasjonen er kritisk for Ye Guozho som er blitt påført betydelege skader i fengselet. Han har i tillegg både høgt blodtrykk og hjarteproblem, men fengselsmyndigheitene gir han berre grunnleggande medisin. Situasjonen er også kritisk for broren Ye Guoquiang. Det er ukjent kvar han vert halde fengsla og Amnesty fryktar at han også vert utsett for tortur og mishandling.

Ellen Havåg Bjørlo er ansatt i Kommunikasjonsavdelingen i Amnesty

Gjer deg klar til innspurten!

I mai markerar aktivistar over heile landet høgdepunktet i Kina-kampanjen ved å oppfordre idrettsfolk, journalistar og befolkninga i Noreg til å gjere ein innsats for at menneskerettane står sterkare i Kina etter OL.

Amnesty konsentrerer innsatsen for å betre menneskerettssituasjonen i Kina på fire område: stoppe avrettingar og bruken av tortur, forfølginga av menneskerettsforkjemparar, sensuren av media og internett, samt fengsling utan tiltale eller dom, såkalla «omskolering gjennom arbeid».

Trass desse overgrepa ser Amnesty på OL i august som ein unik sjanse til å betre menneskerettssituasjonen i Kina. Landet er i heile verdas søkelys både i forkant av og under OL, og vil prøve å vise seg frå si beste side. Fram mot OL samlar verdas største menneskerettsorganisasjon kreftene og aukar presset på kinesiske myndigheiter for å betre menneskerettssituasjonen. Amnesty håpar også å kunne påverke det internasjonale samfunnet til å gjere det same.

- Ikkje berre idrettsutøvarar, men også det kinesiske folk, skal få vinnarsjansar under Beijing-OL 2008, seier Gerald Folkvord, rådgjevar i Amnesty International Norge.

30. april er det nøyaktig 100 dagar til opninga av OL og i løpet av mai vil det bli arrangert markeringar i samband med idrettsarrangement over heile Noreg.

Les meir og ver med på den internasjonale kampanjen på www.amnesty.no/kina