Image
Bruk stemma di for menneske som er fengsla for å bruke si.
Bli med

Saman med aktivistar over heile verda kan du vere med å lage

  • store og små brev
  • klistermerkeaksjon
  • sosiale medier-blest
  • skriveverkstad

Store og små brev

Brevet er den store muskelen i skriv for liv. Når tusenvis av menneske skriv, sender og delar sine ord, skapar vi eit kraftfullt press og ei bølge av støtte. Brevet kan vere personleg og sende håp til eit menneske i si mørkaste tid, eller legge press på myndigheitene.

Store brev

Med eit gigantisk brev møtte ungdommar frå heile landet opp på den pakistanske ambassaden for å krevje frigjeringa av advokatane Imaan og Hadi. Ved å prosjektere eit bilde på den største kryssfinerplata dei fann, kunne ungdommane male eit kunstverk utforma som eit brev, så stort at myndigheitene ikkje kunne ignorere det. Kanskje kan eit maleri plassert på skulen din eller rådhuset, bidra til at fleire vel å bruke sin stemme for menneske som er fengsla for å bruke si stemme

Maleverkstad

Klistermerkeaksjon

Bli med å dekorere lyktestolpar og busskur med oppfordringa om å frigjere Imaan og Hadi, dei to advokatane som er fengsla for å forsvare menneskerettane. Del deira historie med naboar og forbipasserande, gjennom klistermerkene som knytt gata di til fengslinga i Pakistan. Når vi er mange som signerer aksjonen og løfter stemmene våre legger vi press på myndighetene. La oss sørge for at Imaan og Hadi kan fortsette sitt arbeid for menneskerettane.

Klistermerke

Hent klistermerker på ditt næraste Amnesty-kontor.

Sosiale media

Gjennom å bruke vår digitale stemme kan vi nå tusenvis av menneske og bidra til å skape håp for enkeltmenneske gjennom globalt press. La deg inspirere av våre lokale aktivistkontoar og Johanne Fearnly som driver Free Imaan-kontoen på Instagram.

Arrangere skriveverkstad

Du kan også engasjere andre til å skrive brev. Inviter til skriveverkstad med pepperkaker og julemusikk, og gjør det til ein hyggeleg førjulskveld med meining.

La deltakarane bli kjent med historiene til Owen, Rokiatou, Imaan og Hadi, Daria og Marwa før de skriv: