Anna Politkovskaja nyttar høve til å smila. Ho helser blidt på nye menneske og ler hjarteleg når nokon kjem med ein spøk. Andletet hennar er venleg og ope. Augnebryna er heva, augene vakne og undrande. Ingen furer, arr eller mørke ringar gjer det mogleg å ana kva dette anletet har røynt. Anna smiler, svarer, nikkar og stiller sjølv nokre spørsmål. Så går ho opp til talarstolen. Dei frammøtte teier forventningsfult. Snart er der ikkje meir grunn til å smile.
Publisert: 11. des 2002, kl. 15:05 | Sist oppdatert: 1. des 2023, kl. 13:38

Av Bothild Nordsletten

Politkovskaja fortel om plyndring, utanomrettslege avrettingar, utspekulerte torturmetodar, maktarroganse, ansvarslause tenestemenn, valdtekter og vonløyse. Ho har nett kome attende frå nok ei reis i den nordkaukasiske utbrytarrepublikken Tsjetjsenia.

Politkovskaja er journalist for moskva-avisa Novaja Gazeta og har sidan hausten 1999, då Russland for andre gong på 1990-talet innvaderte republikken, vore i Tsjetsjenia mest ein gong i månaden. Det er ein einsam jobb. Journalistar flest bryr seg ikkje lenger om konflikta. Dei få som vågar seg inn i området vert med dei russiske styrkane på reportasjeturar organisert av styresmaktene. Dei melder heim om offensivar og aksjonar mot dei tsjetsjenska terroristane eller om kor langt styresmaktene har kome i gjenoppbygginga av dei sundskotne byane. Frå Kreml hevdar president Putin at krigen er over. Men ingen feirar fred eller siger, og få stiller spørsmålsteikn til kvifor presidenten med jamne mellomrom finn det naudsynt å gjenta denne gledesbodskapen. Har det russiske folket tungt for å forstå? Er presidenten forvirra? Og kvifor stoggar ikkje straumen av unge russiske lik ut or Tsjetsjenia?

- Eg må halda fram arbeidet utan å inngå eit einaste kompromiss med styresmaktene. Eg var redd for ei stund sidan, men ikkje no. Dette er yrket mitt og risiko er ein del av det.

Anna Politkovskaja

Politkovskaja reiser på eigen hand. - Åleine, utan kortesje av pansra vogner og tungt væpna soldatar, risikerar ho livet kvar gong ho krysser grensa inn i Tsjetsjenia. Ansvarslause styresmakter, fulle russiske soldatar og griske tsjetsjenske kidnapparar gjer republikken til ein av dei farligaste stadane i verda. Men for hundretusenar av menneske er denne lovlause vesle delen av Europa heim, og for Politkovskaja er det ei plikt å gje desse menneska ei røyst.

Ho reiser til landsbyane som har vorte angripne av russiske styrkar eller plyndra av tsjetsjenske grupper, ho intervjuar generalane og politikarane og lar ofra for tortur og valdtekt vitna om det dei har opplevd. Russiske styresmakter kallar det som hender i Tsjetsjenia for ein «antiterror-aksjon», men Politkovskaja utfordrar denne påstanden og stiller spørsmåla ingen andre torer å stilla. Generalane og styresmaktene kjenner seg truga av den frittalande og uredde kvinna, og kvar veke mottek ho, og somme gonger dei to borna hennar, to-tre truslar. Oftast frå dei øvste rekkene innan militæret. Politkovskaja har vore innesperra og truga med valdtekt. Etterretningstenesta overvakar henne heime og på arbeidsstaden. I fjor haust kjende ho seg i ein periode så truga at ho valde å opphalda seg i utlandet.

- Eg må halda fram arbeidet utan å inngå eit einaste kompromiss med styresmaktene. Eg var redd for ei stund sidan, men ikkje no. Dette er yrket mitt og risiko er ein del av det. Vil du ikkje risikera kan du gå attende til kjøkenbenken og koka syltety! Kvar gong eg kjem frå Tsjetsjenia seier eg at eg ikkje klarar meir, at eg aldri skal attende. Men så kjem folk til meg og ber om hjelp, gjer meg informasjon og set si lit til meg, og så vert det til at eg reiser likevel. I Tsjetsjenia er eg ofte i landsbyar kor det ikkje har vore journalistar på to-tre år. Folk kastar seg over meg, dei har ingen andre å gå til. Eg kan ikkje svikta. Skriv eg om nokon som har vorte lemlesta må eg forfølge saka og gå ut over mine vanlige plikter som journalist.

Politkovskaja har fleire gonger engasjert seg personleg i lagnaden til krigsofra. Som til dømes då ho gjennom artiklane sine starta ein innsamlingsaksjon for 90 eldre og forlatte ved ein sjukeheim i Tsjetsjenias hovudstad Groznyj. Korkje russiske eller tsjetsjenske styresmakter tok ansvar for dei eldre. Dei internasjonale hjelpe-organisasjonane har trukke seg ut eller avgrensa verksemda for lenge sida. Journalisten kjende at ho ikkje hadde noko val.

Nøklene er alt denne tsjetsjenske kvinne har igjen av sitt hjem (i bakgrunnen) Foto: Paul Lowe/Magnum Press

Rundt ein million unge russarar har til no vore gjenom krigen i Kaukasus som vernepliktige. Mange vender attende med djupe sår i kropp og sjel, utan særlig von for framtida. Dei har vore vitne til eller sjølv teke del i mykje vondskap. Utan støtteapparat er dei heimvendte med på å brutalisera Russland, meiner Politkovskaja, men korkje politikarar, intelligentsiaen eller journalistane bryr seg.- Intelligentsiaen stør dette forhaldet av vald i Russland. Ein etter ein kjem nye filmar og tv-seriar sponsa av presidentadministrasjonen, og i desse propaganderast det for ein voldskultur. Meldinga er at kaukasarane er vår fiende, drep me dei så oppfyller me vår plikt.

Då Novaja Gazeta vende seg til styresmaktene for å heidra ein offiser som hjalp til med å redda dei 90 eldre ved sjukeheimen i Groznyj fekk redaksjonen til svar at offiseren ville ha fått medalje om han hadde drepe nokre bandittar. -Statens politikk er at den som tilintetgjer er ein helt, ikkje den som reddar. Intelligentsiaen har fatta dette. Dette kunne ein for nokre år sidan ikkje ha forutsett i sine verste draumar, men i dagens Russland er det mogleg.

- Mange av mine vener vil ikkje vite kva eg driv med. Dei ser kva som kan hende med folk som talar for høgt. Historia har lært folk å teie og ikkje spele politiske spel.

Anna Politkovskaja

- Krinsen av intellektuelle nær makta er stor. Der lever dei trygt og svært komfortabelt. Gruppa av intellektuelle som skjønar kva som er i ferd med å hende er svært liten. Nokre er sjølvsagt redde. Mange av mine vener vil ikkje vite kva eg driv med. Dei ser kva som kan hende med folk som talar for høgt. Historia har lært folk å teie og ikkje spele politiske spel.

Politkovskaja gjer delvis den sovjetiske arva skulda for dei tronge kåra den frie journalistikken lever under i dag, men ho er heller ikkje nådig mot kollegaene sine.

- Fleire gonger har eg freista å samla journalistar slik at me saman kan avsløra det som hender, men eg har ikkje lukkast. Hadde me vore om så berre ti menneske kunne me kanhende ha oppnådd noko, og sjølve pressa styresmaktene.

Anna Politkovskaja

- Ti år med tale-og sensurfridom er svært kort tid. No treng berre styresmaktene å klemma til forsiktig før alle straks hugsar korleis det var ein skulle arbeida. I dag er Novaja Gazeta mest åleine som opposisjonell publikasjon, det er svært trist. Me kjenner oss ikkje frie, men me er vande med å arbeida under press. Novaja Gazeta ynskjer å avsløra makta og me kjem ikkje til å skriva som alle andre berre fordi me vert pressa, seier Politkovskaja bestemt. - Dekninga av krigen i Tsjetsjenia er ei skam for journalistikken. Eg kallar det ikkje skikkeleg opplysning, dei små meldingane om kva soldatane føretek seg dag for dag. Med tanke på den tragedien som no utspelar seg er ikkje dette seriøs journalistikk.

- Eg er optimist, var eg ikkje det kunne eg ikkje arbeide. Men eg kan berre skriva eit avgrensa tal artiklar. Det er ikkje nok. Fleire gonger har eg freista å samla journalistar slik at me saman kan avsløra det som hender, men eg har ikkje lukkast. Hadde me vore om så berre ti menneske kunne me kanhende ha oppnådd noko, og sjølve pressa styresmaktene.

Anna Politkovskaja har motteke fleire internasjonale prisar for sin granskande og uredde journalistikk, men virkar litt forundra når folk vil takke eller rose henne. Ho gjer jo berre si plikt.

Bothild Nordsletten er Russland-koordinator i Amnesty.

Publisert i AmnestyNytt 2002/4.