Ope møte med tema ”Bedrifters samfunnsansvar.”

I haust har Amnesty ein kampanje som heiter; Makt forplikter, og i den forbindelse inviterer Amnestygruppene i Hareid og Ulstein til ope møte i Ulsteinvik kulturhus med tema ”Bedrifters samfunnsansvar.”  
Publisert: 17. Nov 2011, kl. 09:31 | Sist oppdatert: 19. Mar 2013, kl. 12:16
Styreleiar Gunvor Ulstein frå Ulstein Group og kommunikasjonssjef Annette Bonnevie Wollebæk frå Rolls Royce Marine blir med i panel og dialog saman med politisk rådgivar Beate Ekeløve-Slydal frå Amnesty International Norge. Arnfinn Ingjerd vil leie diskusjonen.

I haustens kampanje om bedrifters samfunnsansvar, krev Amnesty International Norge at styresmaktene innfører bindande retningsliner som m a krev at bedrifter risikovurderer og overvakar arbeidet sitt for å unngå menneskerettsbrot. Amnesty ber og om at norske bedrifter syter for at dei ikkje bryt menneskerettar, verken direkte eller indirekte.

Amnestygruppene i Ulstein og Hareid inviterer til dette møtet fordi ein ønskjer å setje søkelys på temaet. Det er kjent at dei store bedriftene i området vårt er opptekne av å vere ansvarlege samfunnsaktørar både i lokalsamfunnet og i det samarbeidet ein har med underleverandørar og samarbeidspartar i andre land. På møtet vil vi få vite meir om korleis bedriftene arbeider med dette området, og kva utfordringar dei ser.

Beate Ekeløve-Slydal har vore sentral både i Amnestys nasjonale og internasjonale arbeid med bedrifters samfunnsansvar. Ho vil snakke om Amnestys erfaringar med korleis bedrifter ivaretek samfunnsansvar internasjonalt og nasjonalt.

Amnesty International Norge har i år for andre gong undersøkt korleis bedrifter Norge ivaretek samfunnsansvaret sitt. Her kjem det fram at mange fleire bedrifter har utarbeidd policy og planar for dette området enn det ein fann ved undersøkinga i 2009. Det kjem også fram at overvaking av om policy og retningsliner fungerer, bør forbetrast.



Program:

Innleiing ved politisk rådgivar i Amnesty International Norge, Beate Slydal.
Panel: Styreleiar Gunvor Ulstein, Ulstein Group
Kommunnikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk, Rolls Royce

Dialog mellom panel og innleiar, med høve til spørsmål og innlegg frå salen

Programleiar: Arnfinn Ingjerd

Tid: 13.00, torsdag 24. november
Sted: Kinosalen på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik

Alle er hjarteleg velkomne!


Les mer om kampanjen Makt forplikter:http://maktforplikter.amnesty.no/