Nytt fra styret

Kjære medlem. Sommaren er over, og eg håper at du har hatt ein god sommar og fått lada batteria til å stå på vidare i kampen for menneskerettane og for alle som får menneskerettane brotne. Det trengst – og vi trengst!
Publisert: 16. aug 2019, kl. 10:10 | Sist oppdatert: 27. aug 2020, kl. 12:08

2. – 4. august vart årets Global Assembly arrangert i Johannesburg, Sør-Afrika.

Global Assembly er det høgste rådsorganet til Amnesty International, og fattar dei overordna vedtaka, i tillegg til å velje internasjonalt styre. Over 70 seksjonar var samla, og frå Noreg stilte styreleiar Kjetil Haanes, nestleiar Thea Schjødt og generalsekretær John Peder Egenæs.

Frå norsk side var den viktigaste saka den nye internasjonale strategien som skal gjelde for perioden 2021-2025, og som skal vedtakast på neste Global Assembly i 2020. Hittil har det vore fokus på korleis Amnesty skal jobbe for å ha endå større påverknad i ei verd der menneskerettane er under press. Det har vore lansert mange idéar for korleis Amnesty skal verte større, sterkare og modigare, og Amnesty Norge er av dei seksjonane som har engasjert seg sterkast. Vi har hatt medlemsmøte om strategien, vi har fått innspel frå grupper og andre, og på bakgrunn av alle innspela har vi også laga strategidokumentet ‘The Global Authoritarian Turn: Making Humanity Win’.

Dette dokumentet har fått god støtte, eit dokument som understrekar behovet for å halde fast ved kvalitativ etterforsking og analyse som basis for Amnesty sine aktivitetar og kampanjar, og der vi slår fast at framveksten av autoritære og menneskrettsfindtlege regime og statsleiarar i dag er det største trugsmålet mot menneskerettane globalt.

Arbeidet med strategien held fram, og vert tema både på regionmøta i februar-mars neste år, og på Landsmøtet i april neste år, eit Landsmøte som denne gongen vert arrangert ved Gardermoen i tråd med vedtak fatta på siste Landsmøte. Styret har vedtatt at dette og det påfølgjande e Landsmøtet skal arrangerast ved Gardermoen.

På Global Assembly vart det også fatta fleire vedtak som også vil få konsekvensar for oss. Blant anna vart det vedtatt ein plan for å gjere Amnesty klimanøytral innan 2035. Det skal utviklast system for å måle og rapportere klimautslepp i organisasjonen, det skal utviklast løysingar som gjer at ein kan kommunisere betre utan å møtast fysisk, og alle seksjonar vert oppmoda om frivillig å redusere talet på flyreiser. Blant anna er målet at det ikkje skal brukast fly om reisetida er under seks timar, og at seksjonane skal kutte flyreisene med 30 prosent frå dagens nivå.

Frå før har også styreleiarane i Amnesty International gjennom eit eige ‘emergency’ virtuelt møte vedtatt at alle Amnestys investeringar skal trekkast ut av fossil industri.

Klimasaka står svært sentralt hos Kumi Naidoo, som vart tilsett som ny generalsekretær for eitt år sidan. Kumi kjem frå Greenpeace, og det har vore litt uro i rørsla om korvidt Amnesty i for stor grad vert ein ny miljøorganisasjon. Blant anna har den norske styreleiaren og generalsekretæren hatt eit eige møte med Kumi om framtida for organisasjonen.

Under Global Assembly slo Kumi derimot fast at Amnesty ikkje skal verte ein ny miljøorganisasjon, men skal samarbeide med andre miljøorganisasjonar, finne sin eigen nisje innanfor klima og menneskerettar og tilføre ekstra styrke til klimakampen. I tillegg vil framtidige vedtak i Amnesty-regi også ha eit klimamessig fotavtrykk i seg.

Gjennom eit eige vedtak samla Global Assembly seg også om at solid etterforsking og analyse skal utgjere basisen for kampanjar og kommunikasjon i den neste strategiperioden, eit vedtak som kan oppfattast som å slå inn opne dører, men som er eit resultat av den uroa over mål og metode som har prega deler av organisasjonen.

Det vart i tillegg vedtatt at Amnesty skal utarbeide ein policy for når Amnesty skal ta stilling til militær okkupasjon, der fem kriteriar må oppfyllast for at Amnesty nettopp skal gjere dette. Hvis du ønsker å lese meir om denne og dei andre vedtaka som vart gjort under Global Assembly kan du lese alle her.

Under valet på nytt internasjonalt styre gjekk Rune Arctander ut etter å hanådd tidsgrensa for styrevervet. Rune har gjort ein imponerande jobb i det internasjonale styret, blant anna med utarbeiding og implementering av den nye globale styringsmodellen. Stor takk til Rune!

Representantar for det gamle og nye internasjonale styret.
Representantar for det gamle og nye internasjonale styret.

Nye styremedlemar vart Peter Faifu frå New Zealand, Anjula Mya Singh Bais frå Malaysia, Lulu V. Barrera frå Mexico og Ritz Lee Santos frå Filippinane. Frå før er Sarah Beamish (Canada), Greg Marsh (UK), Fabiola Gutiérrez Arce (Peru) og Vincent Adzahlie-Mensah (Ghana) i styret. I tillegg vart Aniket Shah frå USA valt til ny økonomiansvarleg.

Kristin Høgdahl held fram med å leie den internasjonale nominasjonskomiteen, og Gro Herefoss Davidsen er medlem i Membership Review Committee.

Amnesty International har vore gjennom ei utfordrande periode både økonomisk og tillitsmessig. Gjennom ein kombinasjon av for optimistisk budsjettering og auka kostnader kombinert med inntektssvikt i enkelte seksjonar som har ført til mindre inntekter til den internasjonale rørsla, kom organisasjonen i akutt pengenaud i sommar. Sjølv om mange seksjonar stilte opp med ekstra midlar, inkludert Amnesty i Norge, har ein sett seg nøydd til å kutte rundt 100 stillingar internasjonalt.

I tillegg konkluderte to rapportar med at det var eit dårleg arbeidsmiljø i ved det internasjonale sekretariatet, noko som blant anna har ført til store utskiftingar og omorganiseringar på leiarnivå.

Desse situasjonane har ein periode tatt fokuset vekk frå at det faktisk går bra i andre deler av rørsla, slik som for Amnesty i Norge, der det er medlemsvekst og inntektsvekst, og der våre eigne rapportar viser at dei tilsette gjennomgåande oppfattar arbeidsmiljøet som godt, i tillegg til å vere sterkt motiverte og stolte over å arbeide for Amnesty.

Og dagleg skjer det i snitt to små og større arrangement rundtom i landet i Amnesty-regi, noko som er imponerande. Tusen takk til alle!

Men trass i stor aktivitet, er styret opptatt av at Amnesty i Norge skal vere synleg over heile landet og ha god breidde i medlemsmassen. Difor har styret sett i gang prosjektet ‘Amnesty for alle – overalt’, der det vert vurdert nye og innovative løysingar for å rekruttere fleire aktive medlemar, i tillegg til å ta godt vare på dei medlemane vi har.

I prosjektet vert det blant anna sett på på kva saker som engasjerer personar som brukar tida si på frivillig arbeid, og kva som er bra eller ikkje bra med å vere aktiv i Amnesty.

Eitt av måla med prosjektet er også å sjå på korleis ein kan tilrekkje seg fleire aktive menn midt i livet, i tillegg til fleire aktive utanom dei store byane. Årsaka til at akkurat desse gruppene er utvalde, er at dei er underrepresentert i medlemsmassen og vi trur det er eit potensiale her.

Prosjektgruppa skal leggje fram sine tilrådingar for styret i oktober.

Tema for Landsmøtet neste vår vert ‘eit større, sterkare og meir inkluderande’ Amnesty, der styret har tatt grep for å auke mangfaldet på Landsmøtet. Eitt tiltak er å ha konferansetolking til engelsk, eit anna er ei støtteordning for medlemar med svak økonomi.

Mangfald har også stått sentralt i dei mange Pride-arrangementa, der Amnesty har vore godt synleg. Og regnboge-armbanda har vore svært så populære, der det enkelte dagar har vorte bestilt opp til 600 armband frå Amnesty-sekretariatet.

Ein ekstra takk til Selje Il som under årets Selje Cup bestilte inn 700 regnbogearmband og delte ut til dei eldste spelarane, og med dette bidrog til auka fokus på og respekt for mangfaldet i fotballen, og vise at fotball er for alle – uansett seksuell legning og kjønnsidentitet.

Og då kan det også passe med eit bilde av jentelaget til Hyllestad IL med regnbogearmband under Selje Cup.

Kanskje ein idé for andre lag?

Med venleg helsing

Kjetil Haanes
styreleiar